|
Dette skreiv sokneprest Ulrik Koren i dagboka si i 1868. Koren var ein
mann med sans for den vakre Kalvåg-naturen. Mykje har endra seg sidan den
gongen, men ikkje akkurat dette. Når du besøker Kalvåg i dag, vil du få oppleve
det same.
Fiskeværet Kalvåg er ei levande bygd med nesten 700 innbyggjarar. Nærleiken til
sjøen pregar kvardagen til folk flest i arbeid og fritid.
Dei gode
fiskeplassane ligg rett utanfor stovedøra og ventar på deg. Ingenting smakar
betre enn sjølvfiska, fersk torsk. Så har du ei historie å fortelje òg!
Og kva med ein
fjelltur? Det er merka turløyper på Frøyafjellet – turar som passer for liten og
stor. Og vil du heller bade – Kalvåg sin badeplass, Bontelabo, ligg like ved. Og
på ein fin sommardag er det få strender på Vestlandet som kan måle seg med
vidkjente Grotlesanden.
Kalvåg sitt
sjøhusmiljø er eit av dei best bevarte på Vestlandet.
Restaurant
Knutholmen, som held til i ei desse buene,
er kjent for god mat.
Kalvåg ligg i
Bremanger kommune, midtvegs mellom Florø og Måløy. Det er lett å finne fram,
anten du kjem med eigen båt eller bil. Hurtigbåten har anløp like ved Kalvåg.
Ta
kontakt, så skal vi fortelje deg om beste reiseruta. Eller
klikk her...
|

|